Hørte på begge to og må sei at 2S var den som imponerte mest. Like god lyd, men maksimalt lydtrykk er sjølvsagt mindre med 2S enn 2-5S. Tenkte ikkje noko større over at 2-5S går djupare i bassen heller.
Synast lyden var veldig bra. Lite skjerande diskant, i så måte betre enn 99% av høgtalarane eg har hørt med vanleg dome. Men no er dette eit område som eg er ømfintleg på og det kan difor være at andre ikkje ville finne det like tiltalande. Vi var to kompisar som hørte dei og begge likte dei godt, så det er nok ein lyd som er lett å like.