Matching = paring er først og fremst aktuelt for utgangsrør som er kopla i mottakt (push-pull). Vanleg matching er på anodestraum. I tillegg kan ein også matche på steilhet. Det er svært stor vaiasjon i dei fleste måleparametre på rør, så når ein matchar må ein ha mange rør - f.eks. 100 - som ein måler anodestraumen på når glødespenning, anodespenning, negativ gitterforspenning og evt. skjemgitterspenning er bestemt på førehand. Dei røra som måler likt, set ein saman til par. Samstundes kan ein måle steilhet og dei (få) røra som har same anodestraum og same steilhet er eit nytt par. Ein kan gå vidare og matche andre parameter også, men ein må etterkvart ha veldig mange rør for å finne nokre som er like på fleire parameter.
Standard matching har alltid vore maks 10% avvik i det ein måler. Altså rør som har 50mA og 54mA anodestraum vil vere eit matcha par. Mange leverandørar brukar nok eldre rørtestarar til dette, og dei har gjerne ei nøyaktighet på 2 - 5% så difor er det umogleg å matche betre enn det på slike apparat.
Matching av forforsterkarrør er sjeldan noko poeng, unntaket er når dei står i ein balansert krets. Ein gjer det på same måte: måler anodestraum i kvar halvdel i røret (eks i eit ECC 82 rør) og plukkar ut dei røra der begge 'delene' måler likt.
Etter ein del hundre timar har røra endra seg - og det kan dei gjere i ulik takt. Eit perfekt matcha par treng dermed ikkje vere perfekt matcha lenger etter ein del bruk.