Det enorme røret vi ser på biletet skal vere eit russisk GM 100. Dette røret er temmeleg ukjent i vesten og er tydelegvis ein svært gammal konstruksjon. I følgje teksten skal det ha eit maksimalt anodetap på 1000W (300B har 45W til samanlikning..), og den måten å lage rør i denne effektklassa på, gjorde dei på midten av 1920 talet. Slike rør vart brukt mot slutten av 2. verdskrig, men vart då heilt erstatta av meir kompakte og langt meir effektive rør. 1000W er noko av det største ein kan lage med vanleg glas og luftkjøling. Det enorme lyset kjem av at på den tida laga dei katoden av reint wolfram, og for at det skal emittere godt elektronar må ein opp i ein temperatur på langt over 2000 grader - akkurat som i lyspærer. Rør som 300B og liknande nøyer seg med knapt 900 grader. Det stod i teksten av glødinga tok over 300W, så dette er akkurat som å ha ei lyspære på 300W i stova. Eller to lyspærer viss ein insisterer på å ha stereo. Eg vart litt skuffa då eg las at han hadde berre 2000V anodespenning. Desse flaskene sparkar mykje betre i frå viss ein kjem seg opp mot 4 - 5000V.
(Denne mannen kan ikkje ha kone!)