Audiophil moro i Bergen

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
20.682
Antall liker
7.922
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Frå tid til anna må Bergen besøkjast. Ein triveleg by, med nokre faste postar i den audiofile lysløypa. Eg fekk ikkje tid til BMH, Renaissance, og Soundworldgardenspace denne gongen. Men Musik-Magazinet fekk ti minutts merksemd. Det var rigga opp flottaste Rega RP 10, ein anstendig Linn Sondek, og Electrocompaniet sin spelar, saman med riaatrinnet.

Jau då, det finst mange andre spelarar som truleg er betre. Men dei kostar mykje, og det er ingen tvil om at desse tre er gjennomtenkte og svært fornuftige alternativ som folk flest burde ta seg tid til å høyre.

Sjølv om eg har prøvd alle desse, under meir eller mindre kontrollerte tilhøve, skulle eg likt å gjort ein direkte samanlikning mellom desse, når dei stod så lageleg til for hogg. Men ikkje denne gongen. Kanskje ein ny SL12xx også står der ved neste besøk? I så fall må det reserverast time....
 

manpowre

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
27.07.2015
Innlegg
191
Antall liker
50
Sted
Bergen
Bare komme innom på Nordnes og høre på High End høre telefon oppsett..
 
Topp Bunn