Audiophile-Arve
Æresmedlem
Nettstaden www.audiophile.nohar slitt dei siste fem åra, og vi var vel eigentleg i ferd med å pakke saman.Men Karl Erik tykte dette var for ille. Han har brukt nokre månadar på å fårydda i gamle problem, og med gode hjelparar har det lukkast å få sidene iorden igjen.
Utfordringa no vert kva vi skal gjere med nettstaden. Vi kjem nok i alle fall til å halde sidene lesbare, om ikkje anna så av hifihistorisk interesse. Men vi veit korleis det har gått med danske High Fidelity, og at bransjen slit i motvind.
Sjølv har eg takka ja til å vere fagredaktør, men tene pengar, det greier eg ikkje på denne måten. Det er skrive eg kan, og det må gjerast for papirblad om det skal kaste litt av seg.
Godeidear tek vi i mot med takk. Treng vi ei norsk nettavis? Er det grunnlag for å skaffe inntekter for skrivinga?(annonsørarne har vi sett lite av sidan 2008). Er det nokon som har stoff til oss....vi kan ikkje betale noko, men lovar korrekturlesing av autorisert norsklærar...
Helsing Audiophile-Arve og dei andre