Det er veldig interessant å samanlikne ein passiv pre og ein skikkeleg god aktiv. Eg har to referansedingsar for tida, ein Creek OBH 22 passiv volumkontroll med inngangsvelgjar, og ein Conrad Johnson ET 2 aktiv røreffektforsterkar.
I artikkelen
http://www.audiophile.no/omtaler/effektforsterkere/item/526-xindak-pa-1 er eg inne på skilnaden mellom desse to. Eg kunne utdjupa mykje meir, men her var det faktisk effektmonotrinna som var i fokus, men det er iallfall slik at OBH 22
i denne samanhengen vart overdetaljert, klinisk og travel, og eigenleg måtte seiast å vere ein mismatch til effektforsterkarane. Men OBH 22 var ein juvel når signalkjelda var JoLida CD 1000. (Beklagelegvis har eg ikkje denne rørbaserte CD-spelaren i "stallen", så eg kan ikkje gjere matching-eksperiment i den grad som kanskje skulle vore ynskjeleg.)
Attende i min stormfulle ungdom fekk eg også samanlikna to fantastiske forforsterkarar: Presicsion Fidelity C4 og C7. Sistnemnde hadde passiv linjedel. Desse forforsterkarane var forunderleg like, og samstundes svært ulike.
Eg vil seie det er uråd å seie noko absolutt rundt prinsippa passiv eller aktiv linjedel, men at i kva grad ein vert fornøgd, vil komme an på samanhengen; det som kjem før, så vel det som kjem etter pre...
Og som alltid vil eg råde dei hifi-handlande til å prøve ut ein kombinasjon i praksis før handelen avsluttast, dersom dette er mogleg.