Oppussing av B&O Beovox 1800

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Faren min har ein gamal Sølvsuper 11 som han vil bruke på hytta, men han treng høgtalarar. Eg har fått tak i eit par B&O Beovox 1800 som eg tenkte eg skulle gje i jolepresang. Dei er litt slitne, så eg tenkte å shine dei opp litt. Tek gjerne i mot innspel på kva behandling som er lurt å satse på.

    Dei bør vel vaskast, pussast og oljast på nytt. Kva vaskemiddel? Sandpapir eller stålull? Kva olje?

    Slik ser dei ut no.

    P1000632.jpg


    P1000633.jpg
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Som den tålmodige sjela eg er sette eg i gang, etter litt googling på temaet. Fann ikkje så mykje konkret, men las posten om behandling av tre her på sentralen. Fyrst maskerte eg aluminiumslista rundt høgtalaren med tape, og så prøvde eg meg på botnen av høgtalaren. Pussa med 240 sandpapir på kloss, fjerna støvet og slipte så inn IKEA kjøkkenbenkolje med slipepapir 360.

    P1000636.jpg


    P1000641.jpg


    Betring å spore. Fekk ikkje så gode bilete, det er dårleg med dagsljos for tida.
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Bak deksla ser dei slik ut.
    P1000634.jpg


    Såg på eit forum at 1800 er etterfyljare til 1600. Endringa var ein ny diskant som klarte eit større frekvensområde, så dei kutta ut eit element. Ser ut som dei kanskje resirkulerte kassene då, og plugga att det tredje holet.

    P1000653.jpg


    Det var i dei dagar det framleis var lov å nytte skytestreng til hi-fi..

    P1000654.jpg
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Litt fakta om boksen

    Beovox 1800

    Product :Beovox 1800
    Produced :1973
    Designed by :Jacob Jensen
    Finish :Rosewood, Teak
    Desirability :2
    The idea of panel speakers, such as the Beovox 3000 and Beovox 5000 of the late 1980s was not a new one having been developed by Bang & Olufsen for saving space as early as 1973. Beovox 1800 was one of the company’s earlier efforts and could be used on a wall acting as a rear speaker for any of the ambiophonicsystems that Bang & Olufsen produced, such as the Beomaster 1700.

    Specifications:
    Beovox 1800 type 6231
    Height (inches): 13
    Width (inches): 17,3
    Depth (inches): 4
    Weight: 6kg
    Impedance (ohms): 4
    RMS load (W): 15
    Music load (W): 20
    Frequency response (Hz): 50-20
    Harmonic distortion (%): 3
    sensitivity (W): 4
    Cabinet volume (Litres): 8
    Dispersion (degrees angle): 120
    Bass unit: 15cm
    Mid-range unit: -
    Treble unit: 25mm dome
    Crossovers ((Hz): 5K

    dk_b_o_beovox_1800_sch.png

     

    JohnnyH

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    23.02.2013
    Innlegg
    3.004
    Antall liker
    1.305
    Sted
    Rogaland / Sandnes
    Har sett ganske mange antatt gode høyttalere med skytestreng kabling internet.

    Ble flott resultat av olje pussinga
     

    El-retur

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    08.01.2012
    Innlegg
    2.317
    Antall liker
    1.880
    Sted
    Sauda
    Torget vurderinger
    14
    olja gjorde susen,ble jo litt av en forskjell...
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Ja, det var enklare enn eg hadde forventa. Sjølv om det ikkje vart heilt perfekt, vart eg nøygd. Er det noko poeng i å skifte skytestrengen? Kva trur folket?
     

    JohnnyH

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    23.02.2013
    Innlegg
    3.004
    Antall liker
    1.305
    Sted
    Rogaland / Sandnes
    Ja, det var enklare enn eg hadde forventa. Sjølv om det ikkje vart heilt perfekt, vart eg nøygd. Er det noko poeng i å skifte skytestrengen? Kva trur folket?
    Hvis du vil beholde originalitet så rører du ingen ting.

    Men hvis du vil teste litt kan oppgradering av intern kabling og bytte til bedre spoler og kondensatorer i delefilter (obs samme verdi) gjøre litt, det samme kan være med å bytte ut gamle klemme terminaler ifb høyttalerkabler slik at tykkere kabler lettere kan brukes, det pleier å gjøre susen ifb bass.

    Men bare hvis du liker å teste og lære litt.

    dynaBel AS vil kunne hjelpe deg med nødvendige deler.
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Gode poeng. Det er jo faren min som skal ha desse, så eg trur det er best å late dei vere originale. Han har seld og eigd ein del B&O opp gjennom, så eg reknar med dei vil ha ein viss sentimental verdi. Skulle eg hatt dei sjølv, hadde eg sikkert hatt lyst til å teste litt.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn