Motorstyring til platespiller.
Har ein Audio Linear 4001 TD som eg har tenkt å bytte motorstyring i til ein Armageddon Clone(tilpassa Linn LP 12). I den er det ein kondonsator på 0,22 uF. Sjekka og verdien på eit Linn Valhalla brett og der er også kondonsatoren som sit mellom motorviklingane 0,22 uF. Men på den gamle motorstyringa til A.L. er denne 0,47 uF. Må ein då auke verdien på kondonsatoren i Geddon til samme verdi eller spelar det ingen rolle. Funksjonen til denne kondonsatoren er vel å få motoren til å gå rette veien?
Motoren som sit i Audio Linear er ein Stegmann 500/FS/110v/50Hz og så er det tilføya C = 0,47 uF,på motorskiltet.
Takkar for kvalifiserte svar *
Johs