Hjelp til intern kabel frå drivverk

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Hei

Eg har lyst til å prøve med skjerma kabel frå drivverket til digitalutgangen internt i min cd-spelar. Spelaren er ein Sony XA5ES. Signalet kjem ut av ein sak som ser slik ut:


Ein avlang plugg med tre ledarar, kvit, raud og svart. Er dette standard, og kan nokon i så fall fortelje meg kva signal som går i kvar leiar?

Mvh Kjetil
 

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Etter å ha gravd fram lupa mi kan det sjå ut til at eg har funne ut av det. Pa nokre av printa er banane merka og det eg kan sjå er:

Svart - GND
Raud - +5
Kvit - DOUT

Reknar då med at signalet er DOUT.
 

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Og då var eg i gang. "Kabelskorne" var kanskje ikkje i utgangspunktet dimensjonert for dette, men det betyr ikkje at det ikkje går an..

Om nokon ikkje skulle sjå det er "kabelskoen" trygt på plass i dette biletet.

No står spelaren til innspeling og deltek i gruppeterapi (diagnose: posttraumatisk stressyndrom) Ein umiddelbar effekt ser ut til å vere at dacen min ikkje hikkar når apparat blir slått av eller på i kåken min lenger
 
Topp Bunn