Dei fleste vil vel seie 2A3 og særleg 'single plate' versjonen av dette røret. Sovtek 2A3 er dermed ein aktuell kandidat. Det er ei ulempe at du ikkje får særleg meir enn 3 - 3.5W ut av eit 2A3 rør så det er kanskje i det minste laget for deg? Der er fleire trioderør som truleg dankar ut 2A3, men dei er omtrent uråd å få tak i no for tida. Eg tenkjer på dei tyske RE 604 og AD 1 og den franske R 120. Dei mest aktuelle kandidatane i dag viss du skal ha meir enn det 2A3 klarer, er PX 4 og PX 25 frå KR Audio. Dette er kopiar av dei originale engelske røra, men dei er oppgraderte og gir meir effekt. Jean Hiraga skriv elles mykje interessant i boka si Rørforsterkare om dei røra eg har nemnt over, og mange andre.