I fyrstninga kan dette verke dyrt, men eg er ikkje framand for at det må investerast for å få godlyd. Rack påverkar lyden til ein viss grad. Så det er nok ikkje dumt å utforske dette potensialet.
Men mine erfaringar seier at rack påverkar lyden mest i kraft av å plassere komponentar mellom høgtalarane. Den fysiske utforminga av eit godt rack bør altså vere relativt lågt, med mindre du har svært retningsverkande høgtalarar. Eg vil altså gå for maksimum 50 cm høge møblar i hifiområdet. Spesielt om du har høgtalarar som spreier lyden i andre retningar enn rett fram.
Racket sine dempande eigenskapar er fyrst og framst viktige om du har platespelar, dernest om du har signalkjelder/elektronikk med rør. Spelast det høgt med bruk av slikt, kan du oppleve mikrofoni eller endå styggare ting. Det er tendensar til dette også med transistorbaserte produkt, men i mindre grad.
Feedbackproblematikk løysast ved å bryte kjeda, slik at høgtalarlyden ikkje koplar attende til signalkjelda. Eit rack kan såleis vere rette løysinga. Men det kan også vere lurt å arbeide i andre enden, altså finne ut kva høgtalarane bør stå på. Dette kan vere enklast ved hjelp av spesielle "høgtalarføter". Såkalla spikes kan verke bra, men dersom golvet er ustabilt, vert det betre med andre tiltak. Eg har gode erfaringar med Soundcare. Men sorbotanmateriale, matter av ymse slag, eller dempeputer kan vere betre i gitte høve. Det er lurt å eksperimentere litt.
Platespelar er ei kjempeutfordring, dersom golvet ditt ikkje er skikkeleg. Eg har endå ikkje opplevd eit rack som kan takle utfordringane ein platespelar kan få med eit gyngande golv. (men har gode erfaringar med nokre få spelarar med flytande oppheng, mellom anna Dual sine for lengst utgådde modellar)
Bygde sjølv "sandkasse" på eit par hundre kilo, og har prøvd mykje anna rart. Men har enda opp med ei relativt enkel platespelarhylle frå Target. Denne består av ei ramme skrudd fast på veggen (har forsterkande stender i veggen, som ikkje har kopling mot stovegolvet), og ei justerbar mdf-plate som spelaren kvilar på, medan motoren står på ei mjuk gummimatte. Har prøvd mykje rart, granitt, treslag av ymse slag, og har leita etter ei klebersteinsplate som er stor nok, men det vert litt valdsamt (kleber er svært mjukt og dempande, men også ganske støvande og dyrt).
Har du platespelarunderlag på ca 56 - 62cm breidde, hadde det vore interessant å prøve ut.