Eg trur ikkje eg finn tid til å tegne i dag likevel, men vel å skrive nokre ord om kva eg meinar:
Ikkje kast vekk forsida på branding - ei bedrifts identitet er sekundært til tilbudet!
Det skal ikke være den minste tvil om kva NAT kan tilby den som besøker nettstaden. Forsida er den viktigaste delen av heile norskaudioteknikk.no
Folk kjem ikkje til
www.norskaudioteknikk.no for å sjekke ut RESTEN av sida, dei vil sjå kva spesifikke produkter som er tilgjengelige og helst dei produkta dei er på utkikk etter. Gi brukaren det han er ute etter - ingenting meir.
No har eg ikkje bladd i norske hifi-magasin på ei stund, men eg reknar med at NAT reklamerer? Bruk deler av forsida som ein fortsettelse av printannonsane.
Slik det er i dag vil opplevelsen fungere på denne måten:
Brukar les printannonse, det går litt tid og brukar går til nettside for meir info, brukar finn ingenting på forsida og må leite, hugsar ikkje produktnavn og må gå gjennom samtlige produkt. Og det gidd han ikkje.
Det kan gjerast slik: Brukar les printannonse, det går litt tid og brukar går til nettside og finn det produktet han såg på print.
Aller mest saknar eg ein grunn til
kvifor eg skal handle hifien min på NAT.
Designet er ellers profesjonelt og passande til industrien. Sammenlikna med konkurrentene passar denne inn - sjølv om den helst skulle skilt seg ut