lark skrev:
Audiophile-Arve skrev:
lark skrev:
Audiophile-Arve skrev:
Eg brukar soundcare. Strammar opp bassen og aukar den dynamiske nyanseringsevna i to av mine tre lytterom.
På flis?
Lytterom # 2 har flislagt golv. Soundcare funkar godt på elektrotatane der.
http://www.audiophile.no/?did=9073006
Prøvde mine B&W 703 med spikes på granittheller som igjen stod på tema isolator på tregolv. Forferdeleg lyd
Gjallende mellomtone og rotete og uoppløyst diskant. Tydelege resonansar i kabinettet. Med Tema isolator mellom ht og granitt roa mellomtonen seg, men framleis restar av resonansar i kabinettet. Med botnen på kabinettet flatt ned på granitten forsvant også kabinettklangen. Enda opp med rikelege mengder bluetack mellom ht og granitt, og Tema isolator mellom granitt og tregolv. Då datt alt på plass ;D
PS Arve: Elektrostatane dine er vel ikkje plaga med kabinettresonansar ;D ;D
Soundcare har ein spesiell effekt. Det er spikar som er plasserte i eitt av dei dauaste metalla som finnest, sink. Det vert såleis både dempa og mekanisk jorda, altså i pose og sekk på ein måte.
Ein viktig faktor med spiking er at høgtalaren står støtt på alle beina. Somme høgtalarkonstruksjonar har berre tre bein, og det gjer at dei står endå støare enn på fire. Trykket vert likt på alle beina, medan det fjerde av og til kan verte litt daldrete om underlaget ikkje er perfekt. Det merkar du lett på ikkje heilt plane golvflater. Eg har prøvd skiferheller under høgtalarane, og det fungerer veldig godt om eg brukar kork, gummiknottar eller filt i tillegg. Men å justere Soundcare til alle fire beina står støtt, fungerer veldig bra for meg.
Elles har elektrostatane ein resonans på ca 120 Hz, i sjølve panelet. Men når delefrekvensen er på 400 Hz, er problemet minimalt... Då er det verre når eg spelar så høgt at frontgitteret på bassane tek til å svinge med.