Audiophile-Arve
Æresmedlem
Eigentleg er eg fornøgd.
Eg har eit forrykande bra drivverk (VPI SSM med tung tallerken og rimdrive), som spelar betre enn alt anna eg har hatt i hus. Det vil seie, det spelar dynamikk betre enn dei opplagde konkurrentane frå Nottingham, Clearaudio og Linn. Ikkje fullt så nøytral som Clearaudio, Ikkje så kolsvart bakgrunn som Nottingham (tenkjer då på den svarte bakgrunnen til desse spelarane, min har litt motorlyd). Men betre botn, betre dynamikk, og kjekkare med platene. Har platekrans som er lett i bruk, og ein platestrammar som rett nok alltid må brukast, men som ikkje har det minste av negative biverknadar. Linn har eg prøvd, og må nok til toppmodellen for å få det like bra (sjølv då er eg slett ikkje sikker på at dynamikk og bass vert ivareteke like godt)
Men armen er litt dillete.
Det gjer ikkje noko, for min trufaste DV10x5 funkar veldig godt i denne armen, og tilgjev det unipivoterande prinsippet alt vanskeleg. Det spelast musikk. Men dei andre Dynavectorane går også bra i JMV 9 Signature-armen frå VPI. Men dei er dyre. Og så treng eg ein betre riaa enn den "stakarslege" (eit veldig godt kjøp, forresten) Graham Slee "communicator" eldre modell. Billeg, ja? nokre få hundrelappar, og så god lyd til den prisen er berre moro. Men ikkje så moro då eg måtte levere attende Chinook frå Manley. Og dessutan - det var då veldig moro å prøve ut EAR 834-riaatrinnet og Takumi pickupen. Full match. Men så var det dette med armen min, då - Ok klang, og greitt på mange plater. Men ikkje perfekt sporing i min arm, nei.
Skulle gjerne hatt ein tangentialarm som funkar skikkeleg. Men dei er vanskelege å få plass til på drivverket mitt. Beste armen eg har prøvd var ein tangentialarm. Frå Clearaudio, den spelte bass så det heldt. Andre tangentialarmar har eg inntrykk ikkje fiksar bass like godt. No har eg ikkje prøvd Kuzma, og det er fleire eg ikkje har fått med meg. Kunne desse kanskje brukast på eksisterande spelar. Eller må eg til med nytt drivverk? Kva drivverk held i så fall platene på plass like godt som platekransen min?
Det er så mykje gjevt i verda. Eg har det i grunnen bra, både på vinylsida, og sånn med musikken generelt. Men skal ein hige vidare etter stjernene? Ny pickup? Ny arm? Nytt drivverk? Eller kanskje ein ny riaa?