Finnest det ei matte som er "best"? La gå med LP12 og filt, men det er så mange ting som hender med ulke matter. Eg brukar ikkje matte for tida, då spelaren er laga for at plata skal leggjast rett på tallerkenen. Min gamle LP12 fekk
prøve litt av kvart, men eg kom alltid attende til den gamle filtmatta.
Prøvde å snu denne, men opplevde ingen skilnad (kanskje eg høyrer dårleg etter kvart?). Selde spelaren før eg kom så langt at eg kjøpte ny filtmatte.
Då eg hadde Technics SL1000, måtte eg berre ha matte. Og den beste var "PlatterMatter", visstnok den same som Oracle brukte (brukar? Har ikkje
prøvd Oracle på iallfall 15 år) Denne gjorde lyden lett karamellisert, men var langt betre enn både kork, filt og ein del andre remediar.
For om lag like lenge sidan,
prøvde eg Rega med glastallerk og filt versus akryltallerk. Og eg likte den siste mykje betre, sjølv om meiningane var delte. VPI har eg
prøvd med både acryl og min føretrekne tung-tallerk, og eg likar den siste best - om han er verd pengane, kan sjølvsagt diskuterast, men det vert ganske klart betre lyd. Og dei halvhjarta forsøka eg har
prøvd med matter, opplever eg som berre tull.
Vakuumtallerkar tykkjer eg er veldig bra, men platekransane frå VPI og Clearaudio (og kanskje den heimelaga det går rykte om?) gjer at du både får den store, svarte bakgrunnen, og at du samstundes kan (til ein viss grad, iallfall) eksperimentere med matte. Eg må seie at platekrans har større innverknad på lyden enn kva matte som eventuelt brukast, men så er det ikkje alle spelarar som kan ha sånt.
Så min konklusjon er: Kjøp ein vakuumspelar, ein VPI eller Clearaudio (eller finn ut kven som lagar desse heimelaga kransane, dersom du har ein platespelar med tallerk som er brukandes til krans), og gløym heile matta.