Eg har ikkje korkje hatt sjansen eller nervane til å lytte til toppmodellen, men andre som har høyrt dei i Munchen då dei vart presentert på si fyrste messe, seier at det er lydkvalitet som ligg godt innanfor himmelrik. Noko eg opplever at 101Emk2 også gjer med bra margin. Dette er sjølvsagt fantastiske høgtalarar, men eg skjønar godt folk som har preferansar som går andre vegar. Min veg inn i musikken var som utøvande bassist i rockeband, som etter kvart fekk god innføring i klassisk musikk.
Den heilt spesielle soundstaginga frå mbl opplever eg som rett, sjølv om det ikkje er "pinpointing" på den måten ein kan oppnå det frå retningsstrålande høgtalarar. Kjekt det også, men for meg er det mbl-måten som er "rett". Den gongen eg hekta på lydattgjeving var attende i 1978, då eg besøkte den legendariske "Bolse", og fekk høyre Beverigde modell 2. Sidan den gongen har eg jakta på denne måten å få musikk formidla på. Etter kvart forstod eg at det ikkje var mange slike høgtalarar på bruktmarknaden, og då dei i tillegg nødvendigvis måtte vere ca 35 år gamle elektrostatar, fann eg ut at mbl 101E2 gjorde mykje av det same. I tillegg var dei ikkje så store (om enn ikkje så lettplasserte som Beverigde), dei spelte bass og har ei dynamisk nyanseringsevne som du må ha sjukeleg rå hornhøgtalarar for å overgå.
Elektronikk er ei utfordring, og eg var på jakt etter ein veldig god match. Det aller meste eg prøvde mangla hestekrefter. H300 frå Hegel har slike spec at det var verd å prøve ut, men eg kom aldri så langt. Eg fann ut at Manley Neoclassic 500 (i triodedrift) var det som kom nærast dei lydlege kvalitetane eg har som ideal. Så eg talde svært på knappane - dei andre aktuelle rørforsterkarane (ARC eller VTL er vel dei einaste) vart for dyrt. Men eg skulle sjølvsagt høyrt dei.... det lot seg ikkje gjere, beklagelegvis. Eg fekk prøve Rogue 180 i Stereofil sitt lytterom, ved hjelp av storarta innsats frå Håvar Snapa og Stereofilgjengen. Dette gjekk aktisk veldig bra, sjølv om 180 watt truleg hadde vorte i knappaste laget i eit større rom. Eg tenkte difor på dei kraftigaste Rogue-alternativa ei stund.
Transistorversjonar er det meir å velje av, og eg prøvde nokre "klasse D" med interessant resultat. Men deira klangfarge og litt for kyniske nøytralitet var ikkje greia for meg. Nærast kom eg med toppmodellane frå NuForce som Reneissance i Bergen fører, flott og realistisk bass, og den beste eg har prøvd av slaget. W4S sine kraftigaste monoblokker gjorde også ein heilt rå jobb, men her vart klangbalansen slik skeptikarane er redde for når dei vil ha klasse D.
Så eg tenkte både på Companiet og Hegel sine aller største. Men det vart for mykje styr å få desse til Nordvestlandet, så det kom aldri så langt at eg fekk prøvd dei ut i eige oppsett. Då enda eg opp med det kanskje mest "gjennomsiktige" alternativet (og det med best bass) eg hadde prøvd ut; ASR Emitter 2 Exclusive. Funkar utmerka i mitt 41 m2 store lytterom om eg ikkje skal spele Led Zeppelin på overrealistiske lydtrykk...
Eg erfarar no at ASR sin høge nøytralitet og mangel på støy (og påverknad av andre faktorar) er store pluss i vurderingsarbeidet av anna utstyr. Etter å ha brukt fyrste året som eigar til å flytte mbl 101 rundt i rommet med ørsmå justeringar, er det heilt klart at dette er absolutt rette høgtalaren for meg, mitt sinnelag, mine musikalske preferansar, og mitt lytterom. Men når eg skal løyse på slipset og verkeleg kose meg med musikken, må eg velje meg programkjelder som fokuserar på det emosjonelle og lystelege, og som ikkje er overivrige på rettskriving og det formelle.
Signalkjelde nr 1 er vinylriggen. Men eg spelar også sølvplater (via ein kanskje litt for kynisk Oppo 105D - desse kan modifiserast, har eg høyrt), og strøymer ned frå nettet allslags rusk frå både Youtube og Spotify....